Steg: 4
Utvida ressursgruppe
Tidleg innsats er ein sirkulær prosess. Den inneber fleire rundar med utprøving av tiltak før ei eventuell tilvisning vidare. Den tverrfaglege refleksjonen i dette steget vil naturleg byggja vidare på steget Fagleg drøfting som vart gjort i Oppdagingsfasen.
Ved bruk av metoden tverrfagleg refleksjon/reflekterande team i ei utvida ressursgruppe kan familien møte tilsette frå barnehagen eller skulen og andre fagpersonar som skulen har tett samarbeid med. Det kan vere til dømes helsesjukepleiar, kontaktperson ved PPT eller barnevernstenesta.
Før eit slikt møte skal ein og vurdera bruk av kartleggingsverktøyet Firfotingen.
Målet med refleksjonsmøtet er å få eit tverrfagleg perspektiv på arbeidet som er gjort, samt å få innspel til vidare arbeid i eiga eining frå deltakarane på møtet.
Etter refleksjonen, gå tilbake til Steg 3 og jobb med aktuelle justerte tiltak.