-

Tidleg innsats i Klepp

Kleppmodellen skal visa den samanhengande innsatsen i og mellom tenester retta mot gravide, barn, unge og familiar som det er knytt ei bekymring til. Modellen skal bidra til tidleg innsats, samordna tenester og foreldreinvolvering.

Tidleg innsats handlar om å førebyggja og å avdekka vanskar tidlegare, hos både barn, unge og familiar som me kjenner ei uro for. Tidleg innsats kan både handle om å oppdaga vanskar i tidleg alder, og å oppdage vanskar tidleg i ei risikoutvikling.

Kleppmodellen er basert på at foreldre alltid skal vera ein del av løysinga. Det blir lagt stor vekt på at dei kommunale tenestene skal samhandla med foreldra gjennom hjelpeprosessen, og at foreldra skal involverast på eit tidleg tidspunkt etter at bekymring har oppstått. Foreldreinvolvering inneber også at foreldre på eige initiativ kan kontakta tenester i kommunen dersom dei er bekymra for eigne eller andre sine barn.

Samhandlingsmodellen framhevar og at tilhøyrande kommunale tenester arbeider i lag med barnehagane og skulane, men desse skal ikkje overta ansvaret barnehagane og skulane har for å drifta og koordinera hjelpa i samråd med barnet/ungdommen og foreldre.

For meir informasjon om navigering i og bruk av desse nettsidene kan du sjå denne opplæringsvideoen.

 

Kleppmodellen består av ein grunnmodell med tilhøyrande verktøy.

Modellen omhandlar fire ulike nivå, avhengig av omfanget på vanskane som skal løysast og talet på aktørar som skal involverast:

I oppdagingsfasen avklarer me om det er grunnlag for vidare arbeid kring bekymringa, i lag med barnet det gjeld og foreldre

I tidlig innsats-fasen arbeider me med analyse og tiltak innanfor kvar enkelt teneste

I oppfølgingsfasen pågår utvida tverrfagleg samarbeid, no skjer arbeid med analyse og tiltak mellom to eller fleire tenester

I tilpassa oppfølgingsfasen finn me retningslinjene for eit meir omfattande tverrfagleg samarbeid mellom fleire tenester, der barna/ungdommane og familien deira gjerne har meir langvarige og komplekse utfordringar.

Modellen syner «oppskrifta» på korleis me skal gå fram i konkrete tilfelle der me er bekymra for barn/ungdom/familiar. Den skildrar strukturane og prosessane me skal nytta oss av i arbeidet med barn og unge, både innanfor kvar enkelt teneste og mellom tenestene. Dei tilhøyrande verktøya er konkrete hjelpemiddel me kan og skal nytta i det daglege arbeidet.