Når barn og unge treng hjelp
Det skal vera trygt og godt å veksa opp i Klepp.
Av og til oppstår likevel utfordringar som gjer at ikkje alle har det så bra. I vår kommune følgjer me Kleppmodellen for å sikre at barn og unge får den hjelpa dei treng.
Er du bekymra for eit barn eller ein ungdom? Anten uroa er sterk eller svak – gjer noko med det!
Korleis gå fram med ei bekymring for eit barn eller ein ungdom?
I vår kommune tek me alle bekymringar som gjeld barn og unge like alvorleg. Om det er eit barn i familien din, vennekretsen eller i nabolaget er det godt å ha ein vaksen som ser situasjonen til barnet og bidreg til at barnet får den oppfølginga det skal ha.
Du kan melde di bekymring til alle i kommunen som arbeider med barn. Det kan vere lærar/rektor, tilsette i offentleg eller privat barnehage, helsesjukepleiar, familieeininga eller barnevernstenesta.
Bekymring kan vera alt frå ein liten klump i magen som me ikkje klarer setje ord på, til ei heilt tydeleg uro knytt til anten helse, utvikling eller situasjon.
I Klepp jobbar me saman med barnet og familien for å sikra at grunnlaget for bekymringa vert handtert gjennom tidleg innsats-modellen vår – Kleppmodellen – som er laga for å sikra oppfølging og løysing.
Vil du ha meir informasjon kan du lesa meir om dei ulike tenestene i vår kommune på nettsidene våre.
Telefonnummer til tenester for barn og ungdom i Klepp
Helsestasjonen
51 42 99 60Helsestasjon for ungdom
51 42 99 60Pedagogisk psykologisk teneste
93 26 11 77Barnevern (dagtid)
51 42 99 50Barnevern (vakt, kveld/helg)
90 54 13 21
Ved mistanke om vald eller overgrep skal du ta direktekontakt med Politi 02800 eller Barnevernstenesta 47978590 (kveld/helg: 90541321)