Steg: 3
Møteoversikt
Bruk tid på å avgjer kva for møteform som er hensiktsmessige å nytta ved jamne eller ujamne mellomrom i det vidare arbeidet.
Dei ulike møtene for barn, ungdom og familiar som treng langvarig og koordinert oppfølging kan til dømes vere:
Tilbakemeldingsmøte
Etter utredning eller behandling i spesialisthelsetenesta skal det kallast inn til eit tilbakemeldingsmøte mellom tenesten, foreldre og andre aktuelle instanser for ein gjennomgang av konklusjonar, og for å drøfta behov for tiltak og ansvar for oppfølging. Skriftlig dokumentasjon, som t.d. epikrise, vert kun sendt til heimen og tilvisar. Informasjonsflyt kring denne må sikrast i den vidare oppfølginga.
Kartleggingssamtale
Når ein innbyggjar har søkt om helse- og omsorgstenester i kommunen, vil den første kontakten vere eit kartleggingsmøte med tenestekontoret.
Samarbeidsmøter
Er namnet på møter mellom ein enkelt instans og familien.
Samskapingsmøte
Når det er vurdert gjennom tverrfagleg refleksjon at det er behov for hjelp frå andre tenester, vert barnet, ungdommen og familien tilvist aktuell teneste. Den tilviste instansen har då ansvar for å kalla inn til samskapingsmøte med aktuelle deltakarar og danna eit samskapingsteam kring barnet/ungdommen det gjeld.
Tilbakemeldingar frå utredning vil være sentralt i eit slikt møte, i lag med refleksjonar kring tiltak og ansvarsavklaring. Stafetthaldar i kommunen skal definerast i første samskapingsmøte.
Ansvarsgruppemøter
Ei ansvarsgruppe er ei arbeidsform der alle instanser som er involvert møtes saman med den som treng oppfølging. Målet med å oppretta ei ansvarsgruppe er å sikra at tenestane vert gitt til det beste for innbyggjaren, og skal sikra at tenestilbodet er heilskapleg, koordinert og målretta. For at ei ansvarsgruppe skal fungere etter føremålet, er det viktig at gruppa har ein definert leiar, ein koordinator med definerte oppgåver. Behovet for ei ansvarsgruppe spring ofte ut frå eit vedtak etter gjeldande lovverk, men dette er ikkje naudsynt.
Alle møtene følgjer dei vanlege stega i samskapingsfasen, der avtalte utgreiingar/undersøkingar/tiltak vert sette i verk og gjennomførte på aktuelle arenaer. Sikra dokumentasjon av tiltaka. Hugs at barnet si stemme skal være med i arbeidet, inkludert evalueringa.