Steg: 2
Rolleoversikt
Bruk tid i møtene med kvarandre på å definera kva ulike roller som er viktige i det vidare arbeidet.
Kva ligg i rolla som oppdagande teneste?
I Kleppmodellen er oppdagande tenester definert som dei som med størst sannsynlighet kan oppdaga bekymringar eller vanskar på eit tidleg tidspunkt. Desse er helsestasjon, fastlege, barnehagar, skular og NAV. Det er avgjerande for god samanheng i tenestene at den som er ansvarleg kontakt i kommunen (pedagogisk leiar i barnehage, kontaktlærar, helsesjukepleiar eller fastlege) sikrar vidare framdrift gjennom stega i samskapingsfasen.
Kva gjer ein stafetthaldar?
For å sikra at innbyggjarane veit kven dei skal kontakta når dei vert fulgt opp av ei eller fleire tenester, skal det peikast ut ein stafetthaldar som har ansvar for å sikra overblikk og samanheng i oppfølginga av det einskilde barnet, ungdommen og familien.
Stafetthaldaren arbeider i ei oppdagande teneste, og har som oppgåver å sikra samtykke til oppretting av logg og tverrfaglig samhandling, føra logg, følga med på at tidsfrister vert holdt og at tiltak vert evaluert. Stafetthaldar har og ansvar for involvering, med særleg fokus på barnet si stemme, og skal sikra naudsynt dialog mellom møtene.
Å kalla inn til, setje agenda og leia møtene er og arbeidsoppgåver for ein stafetthaldar.
Stafettholder og koordinator på avklare det vidare ansvaret i oppfølginga rundt barnet/ungdommen.
Kva gjer ein koordinator / barnekoordinator ?
Barnekoordinator skal vera familien sin kontaktperson i samhandling med kommunen og skal sørga for koordinering av samla tenestetilbod. Barnekoordinator skal og sikra at familien og barnet får nødvendig informasjon og rettleiing om helse- og omsorgstenestetilbodet.