Steg: 4
Vurder nivå
Vurder kva nivå saka skal haldast på i eit samskapingsmøte, der alle involverte partar drøftar i kva grad tiltaka har ført til at barnet/ungdommen sin situasjon har endra seg.
Det er tre moglege utfall av evalueringa i samskapingsmøtet:
- Tiltaka har hatt ønska effekt, saka vert avslutta eller tilbakeført til tidleg innsats-fasen.
- Tiltaka har effekt, men de er framleis ikkje i mål og arbeidet held fram med jamlege samskapingsmøter.
- Tiltaka har ikkje gitt ønskt effekt. Samskapar ser behov for anna hjelp frå andre tenester. Bestem aktuelle samarbeidspartnarar, send tilvising/melding til desse (BUPA, Tenestekontoret, HABU, barnevernstenesta, ATV, m.fl.). Samskapar skal kvalitetssikra korrekt tilvising/melding, og loggføra arbeidet i Visma Flyt Sikker Sak (innlogging for tilsette i skule) eller i Public360 for tilsette i barnehagen.
På nettsidene Barn og unges helsetjeneste er det samla ei oversikt over evidensbaserte, systematiske kartleggingsverktøy som kan nyttast av ulike fagpersonar i kommunen.