Steg: 1

Sjå, høyr, spør og snakk

Å beskriva uro er utfordrande. Det kan vere noko du har sett eller høyrt, eller ei kjensle for situasjonen. Du skal prøva å setja ord på uroa du kjenner – før du tek saka vidare.

Du skal snakka med barnet for å høyre kva det sjølv tenkjer om det du ser, har høyrt eller kjenner på. Unntaket kan være om uroa gjeld mistanke om vald og overgrep.

Følg med på barn og unge si fungering og utvikling. Definer uro når ho oppstår. Sett ord på uroa for deg selv gjennom informasjonsinnhenting (sjå verktøy til høgre).

NB: Trur du allereie no at uroa di kan vera knytt til eleven sitt fysiske og psykiske barnehage– eller skulemiljø, følg handlingsplan for mobbing/krenkingar. Handlar uroen din om mistanke om eller avdekking av vald og overgrep, ta kontakt med politi og/eller barnevernstenesta.

NB!

Ved mistanke om vald eller overgrep skal du ta direktekontakt med Politi 02800 eller Barnevernstenesta 47978590 (kveld/helg: 90541321)

Steg: 2

Fagleg drøfting

Fagleg drøfting.

Drøft med kollegaer på egen arbeidsplass og lytt til deira observasjonar og erfaringar med barnet eller temaet. Del uroa di med næraste leiar, og avtal vidare arbeid i saka. Dokumenter, og fortsett arbeidet med informasjonsinnhenting.

NB!

Ved mistanke om vald eller overgrep skal du ta direktekontakt med Politi 02800 eller Barnevernstenesta 47978590 (kveld/helg: 90541321)

Steg: 3

Del uroa med foreldre

Del uroa med foreldre innan ei veke. Samtalen kan gjennomførast på telefon eller i møte, grad av bekymring avgjer form og stad. Dette steget er neste del av informasjonsinnhentinga.

Tilhøyrande verkøy ligg i menyen til høgre.

NB! Barnet har rett til å seie si meining i alt som vedkjem det, og barnet sine meiningar skal vektleggjast.

NB!

Ved mistanke om vald eller overgrep skal du ta direktekontakt med Politi 02800 eller Barnevernstenesta 47978590 (kveld/helg: 90541321)

Steg: 4

Grunn til vidare oppfølging?

I foreldresamtalen vert det drøfta om det er grunn til vidare oppfølging.

Dersom det er behov for å setje i gang tiltak, gå vidare til «tidleg innsats» i Klepp-modellen. Hugs informert samtykke.

Dersom informasjonsinnhentinga reduserer uroa, avslutt saka.

Minn foreldre og barnet om at det er bra å ta kontakt igjen om ny bekymring oppstår.

NB!

Ved mistanke om vald eller overgrep skal du ta direktekontakt med Politi 02800 eller Barnevernstenesta 47978590 (kveld/helg: 90541321)

Steg: 1

Analyse og refleksjon

Bruk tidlegare informasjonsinnhenting (frå oppdagingsfasen steg 1, steg 2 og steg 3) til å reflektera over problemstilling og opprettholdande faktorar.

Verktøyet i menyen «TI-1» er tenkt brukt av deg som pedagog i barnehage eller skule, eventuelt i lag med dei du arbeider tettast med på avdelinga eller i klasserommet.

NB!

Ved mistanke om vald eller overgrep skal du ta direktekontakt med Politi 02800 eller Barnevernstenesta 47978590 (kveld/helg: 90541321)

Steg: 2

Drøfting og vurdering

Drøft med foreldre, barnet eller ungdommen og aktuelle deltakarar frå barnehagen eller skulen, der de saman vurderer problemstillinga og vert enige om kva for opprettholdande faktorar som skal møtast med konkrete mål og tiltak.

Avtal tiltak i eininga og ved behov også i heimen.

NB!

Ved mistanke om vald eller overgrep skal du ta direktekontakt med Politi 02800 eller Barnevernstenesta 47978590 (kveld/helg: 90541321)

Steg: 3

Utprøving av tiltak og evaluering

Prøv ut avtalte tiltak. Hugs dokumentasjon.

Evaluer tiltaka.

Evalueringsutfall 1: Tiltaka har hatt ønska effekt, saka vert avslutta.

Evalueringsutfall 2: Tiltaka har effekt, men krev lengre tid eller andre tilnærmingar.

Utfall 3: Tiltaka har ikkje gitt ønskt effekt etter fleire evalueringar av den tidlige innsatsen. Det er behov for ei auke i tverrfagleg refleksjon, og saka går vidare til Steg 4, etter drøfting med leiing.

NB!

Ved mistanke om vald eller overgrep skal du ta direktekontakt med Politi 02800 eller Barnevernstenesta 47978590 (kveld/helg: 90541321)

Steg: 4

Tverrfagleg refleksjon

Tidleg innsats er ein sirkulær prosess, og inneber fleire rundar med utprøvde tiltak før ei eventuell vidare tilvisning.

Ved behov for fleire auge på saka skal det gjennomførast ein tverrfagleg refleksjon med deltakarar frå eininga og faste kommunale samarbeidspartar. Vurder bruk av Firfoting for auka forståing og breddekartlegging.

Her møter familien tilsette frå barnehagen eller skulen (inkludert representantar frå leiinga), helsesjukepleiar og kontaktpersonar ved PPT og eventuelt barnevernstenesta.

Målet er å få eit tverrfagleg perspektiv på arbeidet som er gjort, og innspel til vidare arbeid i eiga eining frå deltakarane på møtet. Metoden er reflekterande team. Etter refleksjonen, gå tilbake til Steg 3 og jobb med aktuelle justerte tiltak etter refleksjonar.

NB!

Ved mistanke om vald eller overgrep skal du ta direktekontakt med Politi 02800 eller Barnevernstenesta 47978590 (kveld/helg: 90541321)

Steg: 1

Førebu tilvisning

Når ein etter fleire omgangar med tverrfagleg refleksjon kjem fram til at tiltaka ikkje har ønska effekt, skal vidare tilvisning vurderast. Hugs oppdatert samtykke.

På dette steget i arbeidet skal pedagogisk rapport (PPT), kontaktskjema (KTT) eller andre meir spissa verktøy (BUPA/HABU) nyttast ut frå kven saka skal tilvisast. Aktuelle verktøy finn du i menyen til høgre.

Barn og unges helsetjeneste er det samla ei oversikt over evidensbaserte, systematiske kartleggingsverktøy som kan nyttast av ulike fagpersonar i kommunen.

Ansvarleg eining har ansvar for at tilvising finn stad.

NB!

Ved mistanke om vald eller overgrep skal du ta direktekontakt med Politi 02800 eller Barnevernstenesta 47978590 (kveld/helg: 90541321)

Steg: 2

Samskaping

Når tilvising er motteke vil saka følge gjeldande rutinar hos aktuell eining (PPT, BUPA eller KTT).

Når PPT mottek saka vil dei følge sine interne rutiner for det vidare arbeidet, og tilvisande instans har ansvar for framtidige samskapingsmøter.

Når KTT mottek saka vil dei kalla inn til samskapingsmøte med akutelle deltakarar og dannar eit samskapingsteam kring barnet/ungdommen det gjeld.

Målet med dei ulike framtidige samskapingsmøta kan variera, men ansvarsfordeling står alltid sentralt. Informasjonsdeling, kartlegging, evaluering og samskaping av tiltak vil og vere aktuelle tema på møtene.

Møte- og referatmal skal nyttast i alle slike møter.

NB!

Ved mistanke om vald eller overgrep skal du ta direktekontakt med Politi 02800 eller Barnevernstenesta 47978590 (kveld/helg: 90541321)

Steg: 3

Arbeid med tiltak

Gjennomfør avtalte tiltak.

Dokumenter arbeidet etter gjeldande lovverk.

Samskapar har ansvar for å evaluera arbeidet undervegs, og tilpassa etter plan.

Gjenta samskapingsmøter ved behov.

NB!

Ved mistanke om vald eller overgrep skal du ta direktekontakt med Politi 02800 eller Barnevernstenesta 47978590 (kveld/helg: 90541321)

Steg: 4

Vurder nivå

Vurder kva nivå saka skal haldast på i eit samskapingsmøte, der alle involverte partar drøftar i kva grad tiltaka har ført til at barnet/ungdommen sin situasjon har endra seg.

Det er tre moglege utfall av evalueringa i samskapingsmøtet:

  1. Tiltaka har hatt ønskt effekt, saka vert avslutta eller tilbakeført til tidleg innsats-fasen.
  2. Tiltaka har effekt, men de er framleis ikkje i mål og arbeidet held fram med jamlege samskapingsmøter.
  3. Tiltaka har ikkje gitt ønskt effekt. Samskapar ser behov for anna hjelp frå andre tenester. Bestem aktuelle samarbeidspartnarar, send tilvising/melding til desse (BUPA, Tenestekontoret, HABU, barnevernstenesta, ATV, m.fl.). Samskapar skal kvalitetssikra korrekt tilvising/melding. Om saka vert løfta vidare opp i tilpassa oppfølging-fasen, er det viktig å oppgradera samtykke.

NB!

Ved mistanke om vald eller overgrep skal du ta direktekontakt med Politi 02800 eller Barnevernstenesta 47978590 (kveld/helg: 90541321)

Steg: 1

Første møte med aktuell instans

Ansvarleg kontakt i kommunen (pedagogisk leiar i barnhage, kontaktlærar, helsesjukepleiar eller fastlege) og familien presenterer problemstillinga for tilvist teneste.

I dette steget er det viktig med ansvarsavklaring, særleg kring framdrift og koordinering og dokumentering i det vidare arbeidet.

Oppdater samtykke.

NB!

Ved mistanke om vald eller overgrep skal du ta direktekontakt med Politi 02800 eller Barnevernstenesta 47978590 (kveld/helg: 90541321)

Steg: 2

Planlegg tiltak

Aktuell instans legg fram plan for utgreiing/undersøking/tiltak i samarbeid med føresette/barn og andre aktuelle instansar.

Avtal tid og inviter til nytt møte.

NB!

Ved mistanke om vald eller overgrep skal du ta direktekontakt med Politi 02800 eller Barnevernstenesta 47978590 (kveld/helg: 90541321)

Steg: 3

Koordinerte tiltak

Avtalte utgreiingar/undersøkingar/tiltak vert sette i verk og gjennomførte på aktuelle arenaer. Sikra dokumentasjon av tiltaka. Hugs at barnet si stemme skal være med i arbeidet, inkludert evalueringa.

NB!

Ved mistanke om vald eller overgrep skal du ta direktekontakt med Politi 02800 eller Barnevernstenesta 47978590 (kveld/helg: 90541321)

Steg: 4

Evaluering

Evaluer om barnet sin situasjon har endra seg som følgje av dei koordinerte tiltaka.

Vurder vegen vidare, og kva nivå saka skal «landa» i etter tilbakeføring av framdriftsansvar til kommunen, internt arbeid i eiga eining eller i samskaping. Ved uavklarte behov, kontakt KTT for rettleiing.

Få med barnet si oppleving av endring. Barnet har rett til å seie si meining i alt som vedkjem det, og barnet sine meiningar skal vektleggjast.

NB!

Ved mistanke om vald eller overgrep skal du ta direktekontakt med Politi 02800 eller Barnevernstenesta 47978590 (kveld/helg: 90541321)