-

Tiltak og tenester for barn og unge i Klepp

Helsestasjonen gjev eit helsetilbod til alle barn i alderen 0-6 år og familiane deira.

Helsestasjonen ønsker å støtte foreldre i foreldrerolla.

Tilbodet består av sped-og småbarnskonsultasjonar med fokus på helseopplysning, oppfølging av vekst og utvikling, vaksinasjon, foreldrerådgjeving. Elles utvida oppfølging og samarbeid med andre faggrupper ved behov.

Når barnet er født sender fødeavdelinga ei melding til helsestasjonen. Helsesjukepleiar tek deretter kontakt med familien. Du kan sjølv ta kontakt med helsestasjonen når du kjem heim frå sjukehuset for vektkontroll av den nyfødte og ved behov for råd og rettleiing.

Helsestasjonen for barn sitt tilbod:

  • helseundersøking
  • barnevaksinasjon
  • jordmorteneste
  • psykologteneste
  • foreldre-/familierettleiing og rådgjeving
  • ulike gruppetilbod

 

 

Skulehelsetenesta er eit gratis helsetilbod til alle barn i skulealder og familiane deira. I skulehelsetenesta er helsesjukepleiar til stades på skulane med faste trefftider. Sjå den enkelte skulen sine nettsider. Me samarbeider med andre faggrupper rundt enkeltelevar og deltek i skulen sine ressursgrupper.

Skulehelsetenesta sitt tilbod:

  • vaksinasjon
  • individuelle samtalar og gruppetilbod
  • foreldrerettleiing
  • helseopplysning
  • tilbyr utvida oppfølging når det er behov for det

5 åringar vil bli innkalla til ei skulestartundersøking saman med foreldra etter at dei har begynt i 1. trinn.

Familieeininga er eit lavterskeltilbod med fokus på å gi ekstra støtte, oppfølging og hjelp til familiar med kvardagsutfordringar.

Tilsette her kan hjelpa med refleksjon over utfordringar de opplever i familien, og me har alltid som utgangspunkt i at kvar enkelt er ekspert i eige liv. Hos familieeininga treff du førskulelærarar med familie-/foreldrerettleiingskompetanse, helsesjukepleiar, foreldrerådgjevarar og psykolog.

Familieeininga sitt tilbod:

  • foreldrerettleiing m.m

 

PPT er ei rådgjevande teneste som samarbeider med andre for at barn, unge og vaksne i Klepp kommune skal få eit inkluderande, likeverdig og tilpassa pedagogisk tilbod.

PPT arbeider for å fremje fellesskap, deltaking, medverking og utbytte. Det betyr at barn, unge og vaksne skal vera verdsett i si rolle og oppleve at dei har ein naturleg plass i fellesskapet. Dei skal vera trygge og erfare at dei er viktige og får medverke i utforminga av sitt eige tilbod.

Alle skal sikrast eit reelt utbytte av det tilbodet og den opplæringa dei får. Der lova krev det er godt sakkyndighetsarbeid eit vesentleg bidrag.

 

På Helsestasjon for ungdom møter du helsepersonell som du kan snakka med om emne som opptek deg.
Tilbodet er gratis for ungdom opp til 23 år.
Det vil alltid vera jordmor/helsesøster og lege tilstades, i tillegg til psykolog eller psykisk helsearbeidar.

HUGS: Me har teieplikt!

Døme på emne som du kan ta opp:

  • Spørsmål om kroppen
  • Hudproblem
  • Problem på skulen
  • Du kjenner deg trist og einsam
  • Parforhold
  • Seksualitet generelt
  • Homofili
  • Rus og rusmisbruk
  • Røyking
  • Graviditet
  • Menstruasjonen
  • Slanking og etevanskar
  • Psykiske vanskar
  • Vonde opplevingar, til dømes seksuelt misbruk, vald/sjukdom i familien

Helsestasjonen kan m.a. hjelpa deg med:

  • Reseptar og anna behandling for helseproblem
  • Tilvisingar til andre instansar i helsevesenet
  • Prevensjonsrettleiing og prevensjon
  • Testing med tanke på kjønnssjukdomar
  • Graviditetstest

Helsestasjon for ungdom har åpent på tysdagar kl. 14:30 – 16:30.
(feriestengt 21. juli, 28. juli og 4. august 2020)

 

Familievernkontoret er ikkje ei kommunal teneste, men ei teneste for familiar som tilsette i Klepp samarbeider med.

Dei som jobber på familievernkontoret er utdanna psykologer, pedagoger og sosionomer med videreutdanning i familieterapi. Alle som jobber hos familievernkontoret har taushetsplikt.

Familievernkontoret i Sør-Rogaland, avdeling Bryne tilbyr mellom anna gratis parterapi, familieterapi, ulike gruppetilbod og pliktig mekling ved samlivsbrudd. Du treng ikke henvisning for å komma til familievernkontoret. Dei fleste kjem til kontoret for rådgjeving og samtalar om kvardagsproblem i parforholdet, eller når det er vanskar, konfliktar eller kriser i familien. Du kan heilt uforpliktende ta kontakt med dei per telefon eller epost.

Kontaktinfo

Familievernkontoret i Sør-Rogaland, avdeling Bryne

Besøksadresse: Hetlandsgata 9, 4349 Bryne

Postadresse: Postboks 45, 4349, Bryne

Telefon: 51 53 81 50, kl. 09-14.

Klinikk for psykisk helsevern for barn og unge og rusavhengige har avdeling på Bryne. Det er ikkje ei kommunal teneste, men ei avdeling som tilsette i Klepp samarbeider med når det gjeld barn og unge med psykiske vanskar.

Klinikken har ansvar for utredning og behandling av barn og unge i alderen 0-17 år som har psykiske vansker som krev spesialiserte tjenester. Slike vanskar kan for eksempel være depresjon, angst, traumer/PTSD, utviklingsforstyrrelser som autisme eller Asperger syndrom, ADHD eller psykose. Tilsette arbeider i tverrfaglege team, og har eit tett samarbeid med skuler, barnehagar og øvrige tenester i kommunane.

Helse Stavanger, i samarbeid med kommunane i Rogaland, er og i ferd med å utarbeide oversiktelege nettsider der tilsette, ungdom og foreldre kan lesa om anbefalt oppfølging når det gjeld barn og unge med psykiske lidingar. Førebels ligg tekstane på HelseFonna sine nettsider, der du kan kikka innom for inspirasjon.

Før eller sidan kan livet bli tøft for alle. Akutteamet ved Jæren DPS på Bryne er då ein plass der du eller ungdommen din raskt kan få hjelp. Akutteamet tilbyr psykisk helsehjelp for innbyggjarar over 13 år i kommunane Klepp, Time, Gjesdal og Hå. Dersom det trengs kan teamet visa vidare til andre instansar som kan hjelpa.
Teamet tilbyr samtaler mellom kl. 08.00 og kl. 21.00. Utenfor disse tidspunktene settes anrop over til nattavdelingssykepleier på sengepost Kløver 1 på Jæren DPS, kor du som ringer kan få veiledning. For samtale kan vi anten møte deg heime hos deg, hos oss på JDPS eller ein annan stad for samtale.
Kontakt på telefon: 47 45 97 97 / 51 77 69 40, åpne linjer heile døgnet.
Oppmøte ved Jæren DPS: Austbøvegen 16, 4340 Bryne.

ATV Stavanger er eit tilbud for vaksne som ønsker å slutte å bruke vold mot partner eller barn, og for voksne og barn som har blitt utsatt for vold i nære relasjoner.

ATV Stavanger tilbyr og hjelp til heile familier der det vert vurdert som trygt og hensiktsmessig.

Som innbyggjar i Klepp kan du nytta deg av dette spesialiserte lågterskeltilbodet. For å få hjelp kan du ta direkte kontakt med ATV på telefon, utan tilvisning. Dersom ein annen (kommunal) instans allerede hjelper ein familie, ønsker ATV ei skriftlig tilvisning.

Hovudmålet med ATV sine tilbod og behandling er at volden skal slutta, og at det skal bygges trygghet hos alle i familien, anten dei bur saman eller kvar for seg.

Stavanger kommune driv Krisesenteret for eigne innbyggarar, samt innbyggarane i følgande kommunar: Bjerkreim, Eigersund, Gjesdal, Hjelmeland, Hå, Klepp, Kvitsøy, Lund, Randaberg, Sandnes, Sola, Sokndal, Strand og Time.

Krisesenteret kan du bruka anten som dagbrukar eller som beboer. Det er mulig å komme til krisesenteret for å snakke om situasjonen din, uten å benytte seg av botilbudet.

Ulike tilbod ved senteret er;

  • Råd og veiledning gjennom individuelle samtaler og/eller gruppesamtaler
  • Bistand til å ordne praktiske utfordringer som økonomi og nytt bosted.
  • Foreldreveiledning
  • Et midlertidig bosted når dette er nødvendig.
  • Formidling av kontakt til andre deler av hjelpeapparatet, eksempelvis advokat, Alternativ til vold, NAV og andre.