I skulane og barnehagane
MarteMeo
Familieeininga
Familieeininga på helsestasjonen er eit lavterskeltilbod med fokus på å gi ekstra støtte, oppfølging og hjelp til familiar med kvardagsutfordringar.
Tilsette her kan hjelpa med refleksjon over utfordringar de opplever i familien, og me har alltid som utgangspunkt i at kvar enkelt er ekspert i eige liv. Hos familieeininga treff du førskulelærarar med familie-/foreldrerettleiingskompetanse, helsesjukepleiar, foreldrerådgjevarar og psykolog.
Familieeininga sitt tilbod:
- støttesamtalar, familiesamtalar og barnesamtalar
- samarbeid med psykologtenesta, evt helsesjukepleiar for å gje ei best mogleg oppfølging
- foreldrerettleiing m.m
Oppdatert oversikt over kurs- og gruppetilbod finns her; tilboda ved familieeininga (.pdf)
Viss de som foreldre eller familie har behov for hjelp frå familieeininga så ta kontakt med helsestasjonen for å få fylt ut eit tilvisingsskjema. Helsesjukepleiar bidreg med informasjon og hjelp til tilvising. Det same kan tidlig innsats-møtene i skular og barnehagar gjer.
Barnevernet
Når det vert vurdert at eit barn har særleg behov for hjelp, kan barneverntenesta blant anna tilby råd og rettleiing til familien, utvida foreldrerettleiing individuelt eller i grupper, miljøarbeidar i heimen, barnehage eller SFO, økonomisk hjelp, opphald i fosterheim eller institusjon.
Familievernkontoret
Familievernkontoret er ikkje ei kommunal teneste, men ei teneste for familiar som tilsette i Klepp samarbeider med.
Dei som jobber på familievernkontoret er utdanna psykologer, pedagoger og sosionomer med videreutdanning i familieterapi. Alle som jobber hos familievernkontoret har taushetsplikt.
Familievernkontoret i Sør-Rogaland, avdeling Bryne tilbyr mellom anna gratis parterapi, familieterapi, ulike gruppetilbod og pliktig mekling ved samlivsbrudd. Du treng ikke henvisning for å komma til familievernkontoret. Dei fleste kjem til kontoret for rådgjeving og samtalar om kvardagsproblem i parforholdet, eller når det er vanskar, konfliktar eller kriser i familien. Du kan heilt uforpliktende ta kontakt med dei per telefon eller epost.
Kontaktinfo
Familievernkontoret i Sør-Rogaland, avdeling Bryne
Besøksadresse: Hetlandsgata 9, 4349 Bryne
Postadresse: Postboks 45, 4349, Bryne
Telefon: 51 53 81 50, kl. 09-14.
Frivillige
Leksehjelp – meir informasjon kjem.
—
Handball, Klepp idrettslag
Hu-laget for ungdom og vaksne med utviklingshemming. Trening kvar fredag i Klepphallen. Laget deltar i lokal serie og speler kampar gjennom heile året.
Tilrettelagt idrettstilbod
Tilbod for personar med fysisk funksjonsnedsetting. Tilpassa trening for barn og unge 10-17 år på Jæren. Voll IL, Nye Bore idrettshall tysdagar.
Tilrettelagt og inkluderande allidrett
Tilbodet er ope for alle mellom 9-14 år. Variert trening med vekt på balanse, styrke og koordinasjon. Orstad IL, Orstadhuset torsdagar.
Teatergruppe, Unikt teater
Alder: Frå 13 år og oppover.
Dag: Måndag i oddentalsveker
Stad: Klepp ungdomsskule
Om: Aktivitet for utviklingshemma. Interkommunalt samarbeid mellom Klepp-, Time-, Hå- og Gjesdal kommune. Drama, dans og musikk. For tida er det venteliste på dette tilbodet.
Bowlinggruppe
Alder: Frå 16 år
Dag: Ein onsdag og ein fredag i månaden
Stad: Stadion Bowling, Bryne
Om: Interkommunalt tilbod ein onsdag og ein fredag i månaden på Bryne. Tilbodet er tilrettelagt for utviklingshemma.
Alder: Frå 15 år.
Dag: Måndag
Stad: Ikkje fast møtestad.
Om: Gruppa drar ut på ulike aktivitetar. Den er spesielt tilrettelagt for ungdom med ADHD, men andre kan og delta.
Aktivitetsgruppe for barn/unge
Alder: Frå 10 år.
Dag: Tordag
Stad: Klepp dagsenter
Om: Sosial gruppe med varierte tilrettelagte aktivitetar. Gruppa held til på Klepp dagsenter
Folkedans, Krosshaug Ungdomslag
Alder: Frå 14 år
Dag: Torsdag
Stad: Fredheim
Om: Folkedanstilbodet er særleg tilrettelagt for utviklingshemma.
Bading Sirkelen
Alder: Alle
Dag: Onsdag
Stad: Sirkelen
Om: Ope bassengtilbod i varmtvannsbasseng. Bassenget er tilrettelagt for rullestolbrukarar. Dei med særleg behov for varmtvannsbasseng er spesielt velkomne.
Tilrettelagt fritid
Alle barn og unge treng ei meiningsfull fritid, der dei kan oppleva meistring og fellesskap. Klepp kommune skal ha eit fritidstilbod til alle, uansett evner, bakgrunn og interesser.
Barn og unge som ikkje kan nytta seg av ordinære fritidstilbod kan søkje om å delta i tilrettelagte fritidsaktivitetar. Tilbodet om tilrettelagt fritid har mål om å gje den enkelte støtte og motivasjon, legge til rette for oppleving av fellesskap og tilbod ut frå den enkelte sine føresetnader.
For å få eit tilpassa tilbod, må familien senda søknad til kommunen. Søknadsskjema finn du her. Søknaden vert vurdert av kommunen, og det vert fatta eit vedtak. I vedtaket står det om barnet eller ungdommen får eit tilpassa tilbod og korleis det eventuelt vert utforma. Dersom barnet oppfyller vilkåra for å få eit tilbod, vil fritidsavdelinga kontakta familien for å finna ut interesser, behov og ynskjer hos barnet eller ungdommen, slik at me kan laga eit godt tilpassa tilbod.
Kunne du tenke deg å være fritidskontakt? Ta kontakt med oss for ein prat!
Støttekontakt
Ein støttekontakt er ein person som hjelper andre gjennom sosiale samvær og aktivitetar. Målet med å ha ein støttekontakt er å gje motivasjon til å oppleva fleire sosiale situasjonar med ei trygg ramme, og å få ei meir meiningsfull fritid. Ein støttekontakt skal ver noko å sjå fram til, ein annan person å støtta seg på.
Ein støttekontakt kan mellom anna ta søkaren med på turar, kome på besøk, gå på uorganiserte fritidstilbod i lag med deg, ta ein tur på kafé i lag, eller følgje på ulike arrangement. Ordninga er fleksibel og skal leggast opp etter søkjar sine ynskjer og behov.
Både barn, ungdom og vaksne som bur i Klepp kommune, kan søke om støttekontakt. Du finn meir informasjon om tilbodet her, og søknadsskjema her.
https://www.klepp.kommune.no/globalassets/kultur-fritid-bibliotek/tilrettelagt-fritid/tilrettelagt-program-2019/akt-gr-sma-host-2020.docx
https://www.klepp.kommune.no/globalassets/kultur-fritid-bibliotek/tilrettelagt-fritid/tilrettelagt-program-2019/ungd-gr-host-2020.docx
Kontakt
Else Havik, fritidskonsulent
tlf: 51429867
epost: else.havik@klepp.kommune.no
Ledsagerbevis
Følgjekort/ledsagerbevis – for personar med nedsatt funksjonsevne.
Personar med funksjonsnedsetjing, som har behov for følgje for å kunne delta på ulike kultur- og fritidsarrangment kan, etter søknad få utstedt følgjekort/ledsagerbevis. Ordninga i praksis: Eigaren av kortet betaler gjeldande pris, mens følgjeperson/ledsager går gratis. Ordninga er avgrensa til dei arrangement, kulturinstitusjonar m.m. som har akseptert ordninga med følgjekort/ledsagerbevis. Ordninga gjeld ikkje for personar som har fått nedsatt funksjonsevne etter fylte 60 år.
https://www.klepp.kommune.no/globalassets/kultur-fritid-bibliotek/tilrettelagt-fritid/ledsagerbevis_20131212_101107.pdf
Informasjon kjem.
Oppfølging?
Førebygging?
Korleis delta inn i modellen?
Informasjon kjem.
Informasjon kjem.
ATV Stavanger er eit tilbud for vaksne som ønsker å slutte å bruke vold mot partner eller barn, og for voksne og barn som har blitt utsatt for vold i nære relasjoner.
ATV Stavanger tilbyr og hjelp til heile familier der det vert vurdert som trygt og hensiktsmessig.
Som innbyggjar i Klepp kan du nytta deg av dette spesialiserte lågterskeltilbodet. For å få hjelp kan du ta direkte kontakt med ATV på telefon, utan tilvisning. Dersom ein annen (kommunal) instans allerede hjelper ein familie, ønsker ATV ei skriftlig tilvisning. I Kleppmodellen skjer slik tilvising etter vurdering gjort på evalueringsmøter.
Hovudmålet med ATV sine tilbod og behandling er at volden skal slutta, og at det skal bygges trygghet hos alle i familien, anten dei bur saman eller kvar for seg.
Stavanger kommune driv Krisesenteret for eigne innbyggarar, samt innbyggarane i følgande kommunar: Bjerkreim, Eigersund, Gjesdal, Hjelmeland, Hå, Klepp, Kvitsøy, Lund, Randaberg, Sandnes, Sola, Sokndal, Strand og Time.
Krisesenteret kan du bruka anten som dagbrukar eller som beboer. Det er mulig å komme til krisesenteret for å snakke om situasjonen din, uten å benytte seg av botilbudet.
Ulike tilbod ved senteret er;
- Råd og veiledning gjennom individuelle samtaler og/eller gruppesamtaler
- Bistand til å ordne praktiske utfordringer som økonomi og nytt bosted.
- Foreldreveiledning
- Et midlertidig bosted når dette er nødvendig.
- Formidling av kontakt til andre deler av hjelpeapparatet, eksempelvis advokat, Alternativ til vold, NAV og andre.