Oppdaging Steg 1

Sjå, høyr, spør og snakk

Å beskriva uro er utfordrane. Det kan vere noko du har sett eller høyrt, eller ei kjensle for situasjonen. Du skal prøva å setja ord på uroa du kjenner – før du tek saka vidare.

Du skal og snakka med barnet for å høyre kva det sjølv tenkjer om det du ser eller har høyrt eller kjenner på. Unntaket er om uroa gjeld mistanke om vald og overgrep.

I menyen til høgre finn du fleire verktøy som kan vera til hjelp når du skal sirkla inn og definera uroa di, til dømes «Signal på manglande trivsel» og «Skala for uro: barn og unge».

NB: Trur du allereie no at uroa di kan vera knytt til eleven sitt fysiske og psykiske barnehage eller skulemiljø, hugs fristen på ei veke for innkalling av føresette til samtale. Handlar uroen din om mistanke om eller avdekking av vald og overgrep, vil du finne relevant informasjon i menyen på høgre side.

NB: Brukarar med liten skjerm kan finne verktøy her.

Oppdaging Steg 2

Fagleg drøfting

Del uroa di med næraste leiar ved første høve. Drøft korleis saka skal takast vidare, avgjer kven som tek kontakt med føresette, kva tid og korleis.

Leiar tek og ei vurdering på om temaet i saka er aktuelt som generelt tema i tverrfagleg gruppe ved eit seinare høve – for førebygging og kompetanseheving.

NB: Brukarar med liten skjerm kan finne verktøy her.

Oppdaging Steg 3

Del uroa med føresette

Inviter til og gjennomfør samtale med føresette/barnet. Samtalen skal finna stad innan ei veke etter drøfting med leiar. Samtalen kan gjennomførast direkte i ein naturleg møtesituasjon, på telefon eller gjennom eit avtalt møte, avhengig av grad av bekymring eller andre forhold.

Til dette møtet nyttar du som tilsett rettleiinga du finn i «Førebuing og gjennomføring av den nødvendige samtalen». Malar for samtykke og referat finn du og i verktøymenyen til høgre på denne sida.

NB! Barnet har rett til å seie si meining i alt som vedkjem det, og barnet sine  meiningar skal vektleggjast. Det skal grunngjevast i referat dersom ungdommen ikkje vert med om det vert arrangert eit møte.

NB: Brukarar med liten skjerm kan finne verktøy her.

Oppdaging Steg 4

Grunn til vidare oppfølging?

I bekymringssamtalen vert det drøfta med føresette og barnet om det er grunn til vidare oppfølging. Dersom det er behov for å setje i gang tiltak, gå vidare til «Tidleg innsats» i Klepp-modellen. Dersom det ikkje er naudsynt å setja inn tiltak, avslutt saka.

Avgjer kven som skal vera ansvarleg for det vidare arbeidet, noter plan for vidare arbeid og ansvarsfordeling i referatet (det skal nyttast referatmal som du finn i menyen til høgre).

NB: Brukarar med liten skjerm kan finne verktøy her.

Oppdaging Steg 5

Avslutt saka

Dersom det ikkje er grunnlag for vidare oppfølging, lukkar de saka. Takk dei involverte for godt samarbeid. Minn føresette/barnet/ungdomen om at dei er velkomne til å be om hjelp dersom det skulle oppstå nye vanskar på eit seinare tidspunkt.

NB: Brukarar med liten skjerm kan finne verktøy her.

Tidleg innsats Steg 1

Skapa felles forståing

Når barn og unge treng hjelp i ein fase i livet, vil tilsette i Klepp arbeida på ein måte som sikrar dokumentasjon, samarbeid, framdrift og gode overgangar.

Arbeidet startar med kartlegging, for å sikra at me får bredde i tilnærminga til vanskane, og for at avdelinga enklare kan setje inn rett hjelp til rett tid og på rett måte.

Eksempla her er ikkje ei fullstendig eller klargjerande liste, men meint til inspirasjon;

Til dømes kan tilsette i skulen eller barnehagen kartleggja fagleg, sosial og emosjonell utvikling. Ein helsesjukepleiar kan kartlegge nettverk, ulike utviklingsområde, familierelasjonar, med meir, medan ein fastlege kan kartlegga vanskar knytt til tidlegare sjukdoms- og familiehistorie, somatiske vanskar og medisinskfaglege spørsmål. Saksbehandlar i NAV kan kartleggja behov til barn som pårørande, samt andre sosiale og økonoiske opprettholdande faktorar.

NB: Brukarar med liten skjerm kan finne verktøy her.

Tidleg innsats Steg 2

Oppstartsmøte

No er kartlegging i eiga eining gjennomført.

Inviter og gjennomfør møte med foreldre, barnet eller ungdommen og aktuelle deltakarar frå eiga avdeling, der de saman definerer problemstillinga og vert einige om konkrete mål og tiltak.

Avtal tiltak både i heimen og i avdelinga.

Dersom barnet eller ungdommen saka gjeld ikkje er med på møtet skal det her avklarast kven som har ansvar for informasjonsflyten til og frå barnet.

Avtal tidspunkt for Tidleg innsats-møte der evaluering av arbeidet skal skje, møtetid skal ikkje vera meir enn 4 veker fram i tid.

NB: Brukarar med liten skjerm kan finne verktøy her.

Tidleg innsats Steg 3

Sett i verk tiltak

Avtalte tiltak vert sette i verk og gjennomførte på aktuelle arenaer. Hugs dokumentasjon av tiltaka.

Førebu evalueringsmøtet. Hugs at barnet har rett til å seie si meining i alt som vedkjem det, og at barnet sine  meiningar skal vektleggjast. Avklar kven som har ansvar for å snakka med barnet/ungdommen i forkant av evalueringa, for å få vedkomande si eiga oppleving av endring.

NB: Brukarar med liten skjerm kan finne verktøy her.

Tidleg innsats Steg 4

Tidleg innsats-møte

Ei evaluering av saka har tre moglege utfall.

Utfall 1: Tiltaka har hatt ønska effekt, det er ikkje lenger grunn til å uro. Avslutt saka, takk for samarbeidet og inviter til å ta kontakt att ved seinare høve. Saka vert ikkje drøfta i Tidleg innsats-møte, kun unntaksvis som tema dersom ein har noko å læra av saka.

Utfall 2: Tiltaka har effekt, men me er ennå ikkje i mål.

Utfall 3: Tiltaka har ikkje gitt ønskt effekt. De ser behov for ei auke i vidare tverrfagleg innsats.

Ved utfall 2 og 3 ver saka drøfta i eit Tidleg innsats-møte. Her møter familien representantar frå barnehagen eller skulen, helsesjukepleiar og eininga sine kontaktpersonar ved PPT og barnevernstenesta.

Bruk møtemal. Kven som vert vidare forløpskoordinator i saka vert avgjort på møtet.

NB! Hugs at barnet har rett til å seie si meining i alt som vedkjem det, og barnet sine  meiningar skal vektleggjast.

NB: Brukarar med liten skjerm kan finne verktøy her.

Oppfølging Steg 1

Breiare kartlegging

Når arbeidet ikkje fører oss til dei resultata me ynskjer eller forventar, er det naudsynt med større breidde i kartlegging, kompetanse og nettverk som skal bidra. På dette steget i arbeidet skal det gjennomførast ei systematisk kartlegging med Firfotmodellen. Andre verktøy kan og nyttast som eit tillegg, på Barn og unges helsetjeneste er det samla ei oversikt over evidensbaserte, systematiske kartleggingsverktøy som kan nyttast av ulike fagfolk ved ulike kompekse vanskar og utfordringar knytt til psykisk helse.

Kartlegginga kan gjennomførast ved kvar teneste/eining som er aktuell, men ansvarleg forløpskoordinator (pedagogisk leiar i barnehage, kontaktlærar, helsesjukepleiar eller fastlege) har ansvar for at breddekartlegging finn stad. Ein kan og nytta eit felles møte til kartlegging – eit godt døme her er å nytta metoden nettverksmøte i arbeidet. I alle tilfelle – hugs oppdatert samtykke.

NB: Brukarar med liten skjerm kan finne verktøy her.

Oppfølging Steg 2

Samskaping

Etter kartlegginga – eller som eit steg i den – skal det no gjennomførast eit møte med føresette/barnet og med dei tenester og det nettverket som skal bidra med støtte, hjelp og tiltak.

Målet med møtet er å koordinera innsatsen mellom dei ulike tenestene slik at alle arbeider etter felles mål og er kjent med kvarandre si innsats.

Når saka er presentert i møtet, er neste punkt på dagsorden å planlegga det vidare arbeidet – skapa gode tiltak saman! Skriv tiltaka som skal gjennomførast inn i referatet (sjå møtemanual i menyen til høgre) – få med kven som har ansvar for kvart einskild tiltak.

Til slutt i møtet avtaler de tidspunkt for evaluering, og hugsar å oppdatera samtykkje om det er naudsynt.

NB: Brukarar med liten skjerm kan finne verktøy her.

Oppfølging Steg 3

Arbeid med tiltak

Gjennomfør avtalte tiltak. Dokumenter arbeidet etter gjeldande lovverk. Evaluer arbeidet undervegs, og tilpass etter plan.

Førebu evalueringsmøtet. Hugs at barnet har rett til å seie si meining i alt som vedkjem det, og at barnet sine  meiningar skal vektleggjast. Avklar kven som har ansvar for å snakka med barnet/ungdommen i forkant av evalueringa, for å få vedkomande si eiga oppleving av endring.

NB: Brukarar med liten skjerm kan finne verktøy her.

Oppfølging Steg 4

Evalueringsmøte

Gjennomfør evalueringsmøte, der alle involverte partar drøftar i kva grad tiltaka har ført til at barnet/ungdommen sin situasjon har endra seg. Få med barnet si oppleving av endring.

På basis av evalueringa de har gjort, fatt ei avgjerd om vegen vidare.

Det er tre moglege utfall av evalueringa:

  1. Tiltaka har hatt ønskt effekt, det er ikkje lenger grunn til å uroa seg.
  2. Tiltaka har effekt, men de er framleis ikkje i mål og arbeidet held fram, eller de ser at tiltaka ikkje har gitt ønskt effekt, men vurderer at det kan setjast i verk andre tiltak innan eiga teneste.
  3. Tiltaka har ikkje gitt ønskt effekt. De ser behov for meir eller annan hjelp frå andre tenester og drøftar vidare innsats. Bestem aktuelle samarbeidspartnarar, lag og send tilvising/melding til desse. Samskapar skal kvalitetssikra korrekt tilvising/melding. Om saka vert løfta vidare opp i Tilpassa oppfølging, er det viktig å oppgradera samtykke.

NB: Brukarar med liten skjerm kan finne verktøy her.

Tilpassa oppfølging Steg 1

Første møte med aktuell instans

Forløpskoordinator (pedagogisk leiar i barnhage, kontaktlærar, helsesjukepleiar eller fastlege) og familien presenterer problemstillinga for tilvist teneste. I dette steget er det viktig å avklara tydeleg kven som skal vera ansvarlig for framdrift og koordinering og dokumentering i det vidare arbeidet (stafetthaldar). Stafetthaldar har og ansvar for møteleiing og referat, og kan eventuelt delegera dette. Avklar kven som kallar inn til nytt nettverksmøte. Oppdater samtykke.

NB: Brukarar med liten skjerm kan finne verktøy her.

Tilpassa oppfølging Steg 2

Planlegg tiltak

Aktuell instans legg fram plan for utgreiing/undersøking/tiltak i samarbeid med føresette/barn og andre aktuelle instansar.

Avtal tid og inviter til nytt møte.

NB: Brukarar med liten skjerm kan finne verktøy her.

Tilpassa oppfølging Steg 3

Sett i verk koordinerte tiltak

Avtalte utgreiingar/undersøkingar/tiltak vert sette i verk og gjennomførte på aktuelle arenaer. Sikra dokumentasjon av tiltaka. Hugs at barnet si stemme skal være med i arbeidet, inkludert evalueringa.

NB: Brukarar med liten skjerm kan finne verktøy her.

Tilpassa oppfølging Steg 4

Evalueringsmøte - drøftingsdel

Evaluer om barnet sin situasjon har endra seg som følgje av dei koordinerte tiltaka.

Få med barnet si oppleving av endring. Barnet har rett til å seie si meining i alt som vedkjem det, og barnet sine meiningar skal vektleggjast.

NB: Brukarar med liten skjerm kan finne verktøy her.

Tilpassa oppfølging Steg 5

Evalueringsmøte – avgjerd om vidare koordinert innsats

Gjennomfør evalueringsmøte i nettverket.

Det finst to moglege utfall:

  1. Tiltaka har hatt ønskt effekt, det er ikkje lenger grunn til å uroa seg.
    – Avslutt saka, journalfør vurderingane i dei aktuelle fagsystema.
  2. Dei koordinerte tiltaka har ikkje gitt ønskt effekt.
    – Sett i verk nye tiltak på nivå 1, 2 eller 3

NB! Barnet har rett til å seie si meining i alt som vedkjem det, og barnet sine  meiningar skal vektleggjast.

NB: Brukarar med liten skjerm kan finne verktøy her.